Helgetur med Sniglehuset.
Frihelg og målet denne helga var å få eit nytt klypp i stølsheftet som Voss Utferdslag har gitt ut.
Når fiske samt å komma til nye plassar me aldri har vore tidlegare i nærområdet kan kombinerast
så vart dette ei fin oppdagelsehelg :-)
Første bildet er fra Nesheimsfjellet og fortel at her bør bremsene brukast i god tid før fe-rist og skarpe svinger ---- :-)
Inste tunet på Gullbrå,
lyt vera ærleg å skriva at det er første turen min her til.
Sniglehuset er parkert i regnværet --
-- ein fin plass ---
--- der klossadrammen kunne nytast i rolege naturomgivelser :-)
Bjølleklang både til kvelds og frokost var dei lydane me høyrde.
Måtte nett verta bildet under også ---
-- er ikkje lenge før desse radioane ikkje gjev lyd fra seg meir sjølv om dei må plasserast på rett plass i Sniglehuset
for å få med oss litt delvis skurrete lyd.
Me har oppdaga atter ei gang at dab-radio ( har det i bilen også ) er langt fra utbygd i utkantNorge ----.
Fiskekort for området var i lomma og da måtte stanga prøvast i dei små hølane i elva ---
--- med smått og lett redskap så klaga eg ikkje , kort fortalt --- dette var ei fin kveldsstund --- :-)
Frøya måtte få kveldsturen sin også --
-- og når me kom til denne skiltjungelen så ---
-- jau da, det var laurdagskveld der og me var heilt åleine ----
--- så spaserturen gjekk opp på dammen sidan eg aldri har vore her før,
må jo sjå seg om i skoddeheimen ---.
Men eg er den første til å motta kjeft for at eg gjekk for langt
og skal kunna svara for meg dersom kjeften kjem etter ein fin kveldstur i vår frie natur ---- :-)
Ny dag og me skule til målet for denne Sniglehus turen,
Torvedalen er ein av plassane i stølsheftet til Voss Utferdslag i år.
Kåno å Frøya i fint driv på skarvknausane :-)
Her er tydeleg vis nokon som har gått skoa av seg i Vestlandsnaturen ---.
Vilt og vakkert.
Frøya nyt livet og smiler fint til fotografen :-)
Er vorte småskog og me trur at me snart er over skog grensa.
Stølen Holo når me får utsikt til den ----
--- men det er ein fin støl som ligg fint til i fjellheimen.
Tilbakeblikk fra Holagavlen
Frøya måtte også lesa dette skiltet sidan eg skulle ta bilde --- :-)
Gode vegvisarar i fjellheimen.
Da er me komme til Torvedalen der Voss Utferdslag har hytte
og me fekk nytt klypp i heftet vårt -- nr 13 av 15 no --- :-)
På tilbakeveg, me fekk sol på oss og det måtte sjølvsagt nytast og verta bilde av :-)
Sidan me tok ein litt lettare frokost så vart det ein god lunsj i Sniglehuset etter turen til Torvedalen --
-- god kost dette -- :-)
Avsluttar denne fine helgeturen i ukjent terreng på Nesheimsfjellet
( har kjørt mykje over her den tida eg var annsatt i BKK for over 36 år sidan )
der ein flokk med geitekillingar nyt livet.
Kåno, Frøya og eg ser fram til dei siste to turane i stølsheftet vårt :-)
|