Fisketur i høgfjellet med overnatting.
Vart ein mjuk overgang til jernbanelivet etter ferien i år -- ein lang arb dag og så to dagar fri ( turnus er slik av og til )
og når værmeldingane var nokolunde så fant eg ut at Frøya må læra seg å liggja i telt i høgfjellet ---- :-)
Med bil på Vikafjellet og været er fint.
Frøya og sekken er klar ---
--- og turen gjekk innover i fint terreng der det var godt med pause av og til,
er ei stund sidan eg har hatt tung sekk på ryggen no ----.
Ellers så kom eg på at eg kjem ikkje til å skriva navn på plassane eg har vore denne turen --
-- gode plassar er nett som gode moltemyrer det --- osv - osv --- :-) :-) 
Utsikt fra turen innover.
Ikkje langt at til der eg har tenkt å slå opp telt
og Frøya fekk det svært travelt på eit spor her ---
--- ikkje så svært langt over der bildet over vart tatt såg eg også kva spor ho lukta,
rimeleg ferske reinsdyrspor ( var spor etter eit par dyr ) --- :-)
Er komme opp til vatnet der eg har tenkt å bu.
Yttertelt er komme opp
og i teori skal eg no klara å liggja mellom stein og tuer ---.
Utsikt ut gjennom teltopningen.
Frøya å eg er fornøygd med denne campingplassen
Snart klar for fiske --- nett litt godt og sjølvutløysarbilde no når teltet er komme opp :-)
Fiska meg bortover fra teltet
og har De gode auger så ser De telt og Frøya omtrent midt i bildet.
Frøya får diverre ikkje vera med når eg fiskar ---
ho hoppa etter og trur ho skal henta når eg kastar sluken ut i vatnet ----.
Litt sol på vatnet og svarte skyer
Så kom første fisken på land
men som De ser så er den ikkje så stor i forhold til sluken
og den sat laust på så denne fekk leva vidare i vatnet -- :-)
Andre fisken var mindre enn den første
Er fleire som har vore her og kva dette merket betyr veit ikkje eg .
Middag på gang og eg er vorte moderne no,
første gang eg prøver turmat som posen på bildet og eg lyg ikkje når eg skriv at den var faktisk god :-)
Frøya har funne seg eit gamalt reinsdyrhorn som var godt å gnaga på av og til :-)
Kveldsfiske vart heller ikkje den store suksess,
fekk ein fisk når mørket kom og denne var litt større enn dei to første.
Frokost med svært godt og næringsrikt innhald :-)
Etter frokost og me er på tur til nye vatn og nye muligheiter
Dette ser fint ut ---.
Jau, dette var moro,
gav meg når eg hadde fått desse 3 fiskane slik at eg ikkje skulle tømma det vesle vatnet.
To utsiktbilder før eg kjem til det siste vesle vatnet eg skal prøva fiskelukka i.
---
Vatnet ser fint ut det ---
--- sjølv om det var at nokre "isfjell" her.
Frøya er festa til ein stein og har her funne seg ein god utsiktplass for å fylgja med på fiskaren.
Ikkje noko fisk å få her men det var kjekt å prøva i fint terreng :-)
På heimtur og me kom over desse reinsdyrbukkane.
Sat ei rimeleg lang stund og studerte desse --
--- og dei kom nærmare for å helsa på Frøya og meg ---- :-)
Dei flytte seg litt rundt oss men ikkje på ein travel ( hurtig ) måte,
var ei svært kjekk stund dette :-)
Mange bilder av dei vart det og dette var det siste
som har fått tittelen: Takk for besøket !
Var litt vind det meste av tida i fjellet
men når me nærma oss bilen så vart det blikk stille.
Så til fjellheimen er det berre å sei:
Takk for oss, gleder meg til neste tur :-)
|