Brudlaup.
16 juli 2016 er vorte ein ny dag i minneboka i familien,
junior gifta seg og heldt til heime på bruket -- :-)
Litt bilder her
og byrjar med junior og hans forlovar som sit spent og venter på brura.
Brura kjem opp kykjegolvet
Dette er eit viktig øyeblikk --- ordet JA vart sagt her.
Brudeparet, forlovarar og presten.
Brudeparet utenfor kyrkja --
--- og her er dei komme heim til brudlaupsgarden.
Brudepar og forlovarar
Nokon av gjestene kom standsmessig :-)
Brura har fått bunaden på og da måtte det verta meir bilder av dei ny-gifte :-)
Me er klar for middag ---
--- og kveldens kjømeister ( toastmaster ) var flink og losa oss fint gjennom denne kvelden :-)
Kjøkkenet stod fint ute ---
--- og vår gode grillkokk laga svært god mat ---- :-)
Sjølvbetjening.
Bordet med brudepar, foreldre og forlovarar,
diverre kom ikkje underteikna med pga bildetaking og mor til brudgommen var opptatt med noko ho også --.
Kokken er flink og underheld også i brudlaupslaget ---
--- og vesleguten fra Tromsø ( vårt barnebarn ) saman med oldemor ( mi mor ) fekk litt ekstra sang --- :-)
Kaffi og kaker - ser godt ut og godt var det :-)
Brudlaupskaka -- og på ein gard så må det jo sjølvsagt vera traktor med --- :-)
Brudeparet opnar kaka.
Forlovarane hadde skrive sang og hadde med seg dei som var i lag med junior på Voss Jordbruksskule under framføringa,
og kokken, som har vore kokk på jorbruksskulen, spelte med :-)
Gavebordet var plassert i vetlestova inne og mykje fint fekk dei.
Brudlaupsfesten heldt på til langt ut i dei små timer,
Takk for ein minnerik dag / kveld !
|