Har vore ein fin fridag :-)
Først vart det noko slått på Strondæ og så tur i lia for å sjå om me fant att sauene
( fant dei ikkje i går ).
To bilder frå turen i lia der regnbyga kom kort tid etter at eg byrja på motbakkane med klær som ikkje var vanntette ---.
Ikkje vanskeleg å verta våt når kroppen vert rikeleg varm oppover
og på høgste pkt vårt klaga me ikkje på utsika i regnværet,
dette er samme plassen som eg har "spiserommet" mitt på vinteren.
fant saueflokken ---- og dei klaga ikkje på mjøl å salt :-)
Ettermiddag / kveld og ny stølstur for å få klypp i heftet fra Voss Utferdslag,
i kveld gjekk turen til
Haoset ( står Håset på kartet ) og Langeset.
Byrjar med bilde av Helgaset . 
Ein liten opning i skogen og utsikt mot Øvre / Nedre Fenno og Håtveit
med litt av industriområdet på Istadmyrane nærmast.
Nærbilde mot Håtveit og mykje av Nedre Fenno
Me er komme til stølen Haoset
Turen gjekk vidare til stølen Langeset og litt etter Haoset fekk me utsikt mot Bjørgum, Mønshaugen og Tjukkebygdi.
Me fant veg ( sti ) eit lite stykke fra Haoset men den vart borte
så me gjorde som me fekk tips om hjå ein stølsgut på Haoset og heldt oss litt høgre oppe
for å unngå alt for mykje skog å gå i -- fint å gå her.
Utsikt til Langesetvatnet
og tipset me fekk var å gå ned slik at me kom ned omtrent midt på vatnet.
Me fant oss veg ned til knausen De ser på bildet på vår side av vatnet som det er litt kvitt på og så litt på skrå til høgre
for å komma ned til vegen som gjekk langs vatnet
Utsikt ned til stølen Langeset
Kaffipause her og den raude utferdslagskassa heng på selet :-)
Men eg vart djupt skuffa over meg sjølv i dag ---
--- tenk -- eg hadde gløymt å fornya Gjendekjekspakka som vart tom sist me var på tur ----
-- kort skrive så vart det nesten katastrofe sjølv om Kåno egentleg ikkje var lei seg for forgløymelsen min ---- :-) :-)
Avslutar med eit bilde til frå Langeset.
|