Stølstur til Steindro og Krakalii.
Litt sein med bilder men betre seint enn aldri ---
på jonsokaftan ( sankthansaftan ) vart det ny stølstur saman med heftet til Voss Utferdslag.
Med bil på Fennastølane --
--- og etter bilvegen er det fin stølsveg å gå på.
PS: Kåno meinte at denne gangen måtte det verta bilder av meg også --- så da so --- :-)
Fin gammal varde når me er ferdige med motbakken opp fra Fennastølane ---
--- og litt etter vardesteinen er me på Svartadiket.
Utsikt ned til Krakalii ( dei 3 sela nærmast ) og Dalset nedom.
Me går ut til Steindro først og så Krakalii på tilbaketuren 
Stølen Latebakken
Utsikt til stølen Steindro med Horndalsnuten som høgste pkt bak til høgre
Nærbilde mot sela på Steindro
På skarvet her har eg nok vore mange ganger,
var litt budeiebalt på stølen her for nokon år sidan ( medan eg gjekk i barneskulen ).
Er nokre ting eg hugsar svært godt fra budeiebalt tida her,
var saman med farmor samt ei tante til far som var pensjonert sykepleiar.
I stikkordform hugsar eg bla fylgjande:
- Pussa tennene med salt --- med sykepleiar på stølen så var det viktig å pussa tennene ---.
- Fekk ikkje lov å vera ute når flokken med værer ( var lov å sleppa værer i fjellet på den tida ) kom på selsbøen, dei var farlege ---.
- Var min jobb å setta dotten i bjølla på bjøllekyra,
kyrene var i floren som er i "kjellaretasjen" i selet om natta for mjølking kveld og morgon.
- og på lørdag ettermiddag var det stor stas når me rista opp høyet som var i sengene,
var mjukt å godt å leggja seg lørdag kveld ----- :-)
Dette er det som er at av ei av torvholene som er ved stølen der ute.
Underteikna var ikkje med å spadde torv som eg kan hugsa men dei spadde ein del her ute pga lite vedskog å finna.
Torva vart spadd i fine firkanter ( omtrent som murstein ), så tørka og etter det var desse "kubbane" fine å brenna i ovnen
Me er komme til Krakalii og utferdslagskassa heng her :-)
Ved Svartadiket på heimveg, skyene vart borte og dette måtte me nyta.
Her skulle det verta bilde av ein glad hund og eigaren ---
--- før me byrja på kveldens kaffipause nr 2, Gjendekjeksa er fast turmat det --- :-)
Avsluttar med eit familiebilde der me nyt jonsokkvelden ( sankthanskvelden ),
Frøya har ikkje skjønna at ho skal smila fint til fotografen når sjølvutløysar vert brukt-- enno i alle fall --- :-)
|