Fjelltur med Sniglehuset.
Denne helga vart det kombinert turer for å få klypp i heftet til Voss Utferdslag
og konsert med grillaften i fjellheimen ( bilder der i frå er på eigen link ).
Tida går litt fra meg så det vert ikkje så mykje tekst nedover her
( er hukomelsen og tida med meg seinare kan det komma meir tekst ei gang --- )
men kort fortalt gjekk turen fra Hodnaberg til Kvålsdalen fredag kveld
og så opp røyrgara fra Hodnaberg og vidare til Torfinnsheimen og ned at den T-merka vegen.
Første bilder er frå turen i Kvålsdalen etter at Sniglehuset er parkert.
Teksten til dette bildet er enkel:
ei grøn bjørk, vatn og snø --- og ellers det som høyrer med i fjellheimen --- :-)
Stølen Kvålsdalen omtrent midt i bildet ----
--- og postkassa til Utferdslaget ser De på sèl ( stølshus ) nr to fra høgre
Og Frøya likar fortsatt vatn :-)
Lørdag føremiddag og tur til Torfinnsheimen.
Vart anbefalt å gå opp langs røyrgata her og kort fortalt så anbefaler eg det vidare.
Jau, var noko bratt oppover men det er ikkje flatt å gå opp T-vegen heller ----.
Utsikta er svært fin når me er komme opp.
Torfinnsheimen ser De omtrent midt i bildet
Torfinnsvatnet --- og her måtte underteikna vera med på bildet meinte Kåno :-)
Heilo er ein svært kjekk fugl å treffe på i fjellheimen ---
og ikkje vanskeleg å høyra dersom me kjem for nærme reirplassen
Avsluttar denne sida med eit bilde fra skogen der T-vegen går.
|