Hjortejakt.
Nokre bilder frå dei 2 siste dagar på hjorteposten
og byrjar i går kveld der skodda kom sigande -- og med det lite å sjå.
Aldri så galt det ikkje er godt for noko --- var litt fint ( og ikkje lett å få skikkeleg bilde ) med skodde på tunet også da :-)
Tidleg oppe i dag og i grålysninga datt denne.
Lyt ta med litt om Frøya her som er lett å ha med på hjorteposten.
Sit / ligg stille og roleg ved beina mine i den vesle bua me har ( golvflata er ein europall ),
er ut døropningen med nasa nokon ganger for om mulig lukte eit eller anna.
Men når skotet var gått i dag så var ho svært kjapp ut fra bua og ned til hjorten --- jau, er jo ein apporterende hund dette ---- :-)
Ettermiddag og på ny hjortepost da dagen var planlagt med det.
Har som De sikkert har skjønna hjorteløyve på to plassar og den andre plass er det ikkje vorte dyr enno.
Avsluttar med Frøya på post ute i skogen denne ettermidagen,
ligg fint bak meg her og nasa / hørsel arbeider godt :-)
|