Helgetur på Vikafjellet med Sniglehuset.
Kort fortalt ei strålande helg i fjellheimen,
det einaste eg kan klage på var at når eg var på ein liten skitur om dagane
så kom det sveitte blanda med solkrem i augene --- kallar det eit luksusproblem det --- :-)
Reiste opp seint fredag kveld
og når Sniglehuset var parkert så var det kun litt sol at på toppen av Finnbunuten
Fin kveldshimmel mot nord
Dette bildet er tatt litt over halv 1 om natta,
er ikkje mykje mørkt i fjellet no på denne tida 
Morgon og sol frå skyfri himmel med kun ein liten vindtrekk, slik var det både lørdag og søndag
Nytelse av morgonkaffien :-)
Ut på skitur både lørdag og søndag,
turen kjem omtrent samme vegen begge dagar.
Fint skiføre og rimeleg fint for Frøya å gå også.
Sniglehuset står parkert omtrent midt i bildet her
Nærbilde ned til Sniglehuset
og som De ser så sit Kåno at ved huset og nyt sola der :-)
Utsikt mot hyttene som er ved grensa på Vikafjellet
Utsikt mot øst med Dueskardet omtrent midt i bildet
og Bjørndalskamben som høgste pkt til høgre i bildet
Utsikt mot nord
Fint å gå her :-)
Utsikt over Sendedalen med Finnbunuten til venstre i bildet.
Nærbilde innover Sendedalen
og som De ser så er elva byrja å verta godt synleg i dalen her no
Fly er det mange av over oss
og på telefonen er det mykje rart av programvare, apper er sikkert eit betre ord her.
På ein slik fly-app fant eg ut at dette var fly fra New York til Dubai :-)
Etter skitur vart det grillmiddag og ellers nytelse av finaværet ---- :-)
|