Fint vær
og det måtte nytast --- :-)
Litt hurtig bestemt i dag vart det tur til fjells for å nyta det fine været,
sekken vart pakka med utstyr for å laga hol i islagt vatn.
Kvar eg har vore ?
Det er sjølvsagt strengt hemmeleg -- :-)
Nokre bilder fra telefonen da kamera ikkje vart med pga hurtigbestemt tur og hukommelsen vart da litt fraværande ---.
Rimeleg fint skiføre, dvs litt blaut snø er det vorte men ikkje verre enn at Frøya klarte seg svært godt.
me klaga ikkje :-)
Prøve på sjølvutløysarbilde med tlf,.
Jau, bilde vart det sjølv om det ikkje vart bilder av noko fangst.
Var nokre timar her på isen i litt halvt kjølig fjelltrekk
og fisken som er under isen lever fortsatt svært godt ---.
|