Ut på skitur.
Været var meldt nokolunde og med det bil til Helgatun i dag.
Som fleire turar tidlegare i vinter gjekk turen oppover fra Årmot
og fint skiføre var det.
Tilbakeblikk mot Myrkdalen fjellandsby
Ville prøva lenger oppover bakkane i dag og me gjekk ut av skiløypa like før stølen Revhaugen
Stølen Revhaugen
Er komme opp over skoggrensa og skiføret var svært bra,
ikkje heilt flatt oppover her men med feller under skia var det ikkje vanskeleg.
Utsikt mot stølen Kvanndalen ---
--- og utsikt til stølen Steinset.
Utsikt ned til stølen Reppane
Tilbakeblikk med bla utsikt retning Oppheimsdalen som går sørover ca midt i bildet,
Tverrfjellet / Såta til høgre for Oppheimsdalen
Ikkje langt at no før me er komme opp bakkane mot Kyrafjellet
( står Øvstafjellet på kartet men meiner eg har høyrt at dei kaller fjellet her oppe for Kyrafjellet )
Ikkje langt at no før me byrjar på siste kneiken opp mot Bjørndalskamben, bak i bildet.
Dilemma no var at det vart noko flatt lys ( snøblindt )
i tillegg til at vinden ( godt frisk bris ) var slik at det frista ikkje å finna seg litt saft og kvikk-mat i sekken.
På denne årstida skal det vera kjekt å vera ute på ski,
dvs slik at det er mulig å setta seg ned å nyta maten og livet.
Var ikkje slik no og med det så snudde me ned at for å eta nista nede i dalbotn.
Me er komme ned til stølen Reppane,
og løypa ned her starta oppe med den røde flekken eg har lagt til på bildet.
Var svært kjekt å ha hund med seg ned bakkane her,
passa på at Frøya heldt seg nokon meter framføre meg og med det så fekk eg sjå korleis kontrastane
var i terrenget i det flate lyset---.
Avsluttar med sjølvutløysarbilde av oss to som var på tur i dag
når me no har funne ein vindstille plass å nyta nista samt kaffikoppen,
no vart det livsnytelse å vera ute --- :-)
|